onsdag 8. oktober 2008

Helga som var

Må bare skrive litt om helga vi hadde – sjølv om det allereie nærmar seg ny helg..! Den var bare heilt fantastisk!! Starta fredagsettermiddag, då vi etter ein dag på universitetet kjørte ned til Florida Road i Durban for å finna oss ein fin restaurant der vi kunne feira 25-års dagen til Kjersti. Vi hadde sett oss ut ein restaurant som guide-bøkene våre anbefalte, men den hadde sjølvsagt flytta tre dagar tidlegare!.. Det viste seg å vera hell i uhell, for vi endte i staden på ein splitter ny fantastisk fin restaurant som heiter Harvey’s. Viste seg å vera ein fancy tapas-restaurant, der konseptet var at selskapet (vi) skulle bestilla rettar ilag, slik at alle fekk smake alt. Rettane blei delikat servert i fire små porsjonar, så bestillte vi bare fleire etter kvart. Kjempegod raudvin fekk vi òg til! Blant dei sju(!) rettane var favoritten min Kudu, som er eit antilope-dyr – fantastisk godt kjøt!! Og servicen var veldig bra, bortsett frå at dei ”gløymde” å gje oss kompensasjon for at vi fann eit lite glas-skår i eine retten... Vi skal iallfall tilbake hit!

Lørdagen tilbrakte vi på The Spa!:) Eg har aldri vore ein heil dag på spa før, med full pakke, men det gav heilt klart meirsmak!! Vi møtte opp kl. 1200, og første behandling var Full Body Mud-wrap for meg og Full Body Massage for Kjersti og Anette. Eg låg på ein benk, og blei først spraya med olje, deretter børsta terapeuten meg for å fjerne døde hudceller. Etter dette var eg klar for leira! Blei smurt inn med varm leire – skikkeleg deiligt! Så la terapeuten plast og handkler over meg, og der skulle eg liggja i ein halv time og marinerast. I starten klødde det typisk nok over alt, men det gav seg heldigvis fort, så då var det bare å chille. Eg fekk forresten ein hodebunnsmassasje òg. Så var det å dusje av seg leiro og bli smurt inn med body cream. No er altså kroppen min heilt klar for å brunast av varme solstråler! :)
Etter denne behandlinga blei vi servert ein deilig lunsj som vi åt ute, i selskap med mange søte apekattar som svingte seg i trærna nedanfor der vi satt! Utsikta forøvrig var upåklageleg, der vi såg utover havet.. Etter måltidet bar det inn for nye behandlingar. Først Full Facial, med rensing, skrubbing, kuring, kreming, osv. av ansiktet. Var godt det òg utanom den grusomme klemminga av porer – fysj for ein tortur! Men det var verd å lide for skjønnheten, for etterpå gløda det av oss!:) Vi fekk så tid til å bobla oss litt i Jacuzzi’en. Siste behandlig var pedikyr og manikyr (m/ nakkemassasje!), så no har eg så fine rosa tånegler og raude fingernegler! Høyrer med til historia at ho som ordna negla mine klæsja på så mykje lakk at det starta å ramla av allereie neste dag! Men då eg ringte dei og fortalde om dette, fekk eg koma tilbake for ny lakk og då blei resultatet bedre. Under heile opphaldet blei vi behandla som dronningar, med ein kjempebra service. Herligt å ha muligheten til å unne seg noko slikt utan å bli ruinert.

Lørdagskvelden var planen å finna ein ordentleg fin restaurant som vi kunne kle oss litt opp til (vi feira fortsatt Kjerstis bursdag, og ho hadde kjøpt seg lang kjole..!), og den fann vi godt gøymd inne på eit enormt og luksuriøst resort (takk til guideboka igjen); Zimbali. Vi trudde vi hadde gjort det bra dagen før, men dette tok kaka! For ein fantastisk vakker stad, med mykje lekkert på menyen. Eg åt hummer! Og så drakk vi restaurantens eigen(!) vin, Thandi:)

Søndagen var vi bare heime og slappa av – trengte det etter den tøffe lørdagen..!.. ;p

Ingen kommentarer: