torsdag 30. oktober 2008

Safari!

I helga var vi på safari i Hluhluwe Umfolozi Game Reserve - det var heilt fantastisk!
Allereie før vi kom inn i reservatet såg vi mange ville dyr. Heldigvis hadde vi kjøpt inn kikkertar for anledninga, så vi var godt utstyrt!;) Vi sjekka inn på Hilltop Camp, og fekk oss ein fin hybel der. Heiv oss med på Game Drive (tur m/ guide) på ettermiddagen som varte i over tre timar. Blir fort mørkt i Sør-Afrika, så mesteparten av denne turen foregjekk i mørket, men det gjorde ingenting, for vi hadde kjempesterke lyskastarar med oss i bilen. Var ei kald og regnfull oppleving; vi var pakka inn i tepper og ponchoer, men fraus likevel!.. Dette skapte derimot ingen dempar på stemninga - vi skulle på løvejakt!:) Vi fekk tips om løver som akkurat hadde felt eit bytte og åt av dette - du er faktisk veldig heldig om du ser løver her, for det er ikkje mange av dei... Spente kjørte vi i veg, men måtte jo sjølvsagt stoppa litt og sjå på elefantar og andre dyr på vegen:) Var ganske langt unna, så då vi endeleg kom fram var løvene ikkje å sjå. Det var derimot hyener!! Eit par hyener forsynte seg av byttet til løvene - tydeleg nervøse for om løvene skulle dukka opp att..! For nokre usedvanleg stygge dyr!! Og for ei forferdeleg lukt av det daude dyret! Det var verkeleg ei oppleving! Vi lyste etter løvene, men det var dessverre ingen å sjå. På veg tilbake til campen befant vi oss plutseleg midt i ein elefant-flokk!!! Dei var i vegen og på begge sider, ein potensielt veldig farleg situasjon..!.. Veldig spennande! For nokre digre flotte dyr! Det var til og med baby-elefantar der!:) Så søte. Guiden fortalde oss dagen etter at han hadde pusha det litt vel langt i den situasjonen.......

Neste morgon var vi oppe kl. halv fem om natta for å rekke morgon-turen. Fortsatt kaldt, men i det minste opplett. Vi var heldige, og fekk kjøra med same guiden som kvelden før, ein veldig dyktig og hyggelig zulu-mann. På denne turen møtte vi på fleire nashorn i vegen, noko som òg var litt skummelt... Vi såg ingen elefantar på denne turen, men vi var veldig heldige og såg vill-hundar! Ikkje misforstå og tru at det dreiar seg om vanlege bikkjer som har rømt frå folk. Dette er ein eigen art, dei er veldig sjeldne å få auge på, og utryddingstrua. Dei er effektive jegarar - og vi fekk sjå dei i action faktisk!! Utruleg kult! Dei jaga ein antilope rett foran bilen vår! Og dei fekk nok heilt sikkert tak i den òg..

Etter denne turen var det tilbake til campen for frukost før vi fortsatte speidinga, og kjørte rundt i reservatet på eiga hand. Og då hadde vi flaks! Vi fekk sett løver!!:D Rett nok på lang avstand, men med kikkert såg vi dei:) Det var ein hanne som såg svær ut, med diger man (eller kva det no heiter..) og eit par-tre løvinner. Dei låg og slappa av i skyggen v/ den uttørka elvebredda i varmen. Hannen var oppe og gjekk litt før han raskt deiste i bakken igjen, og tok livet heilt med ro - vi fekk iallfall tatt ein ordentleg kikk på han då!

Andre dyr vi såg i løpet av helga: Impala, Nyala (antiloper), bøfler, zebraer, sjiraffer, hare, høne-liknande fuglar, haukar, gribb, andre fuglar, gnu, villsvin, vortesvin m.m.m.

Bilder kjem...

Ingen kommentarer: