tirsdag 21. oktober 2008

Cargo Hold (fre. 17.10.)


Her åt vi middag fredag, i restauranten til The Phantom Ship, i uShaka Marine World, Durban.


Då vi skulle ta bilde, kom det nokre damer forbi som meinte vi måtte ha ekte Sør-Afrikanere med på bildet...


Og så kom det ein rar karakter som òg ville vere med på bilde!


Loungen inni The Phantom Ship - kult?!


Ein enorm tank m/ hai og fisk midt i restauranten! Utrulig kul opplevelse. Alt er veldig gjennomført her. Litt snålt å ete med masse fiskar som stirrar på deg og haiar som svømmer rett ved sida av..! :)


Pirates of the Caribbean?.. (Dette er ein del av taket i restauranten)


Her har vi fått hovedretten: Game Platter, beståande av krokodille, springbukk og struts!! Springbukken var god, krokodillen har eg fortsatt eit ambivalent forhold til, og strutsen smakte som ein gamal illeluktande sau!.. Vi storkoste oss, og servitørane var heilt i sjokk over at vi kunne sitte til bords i over fire timar! :) Vi var dei første som kom, og dei siste som drog..


Haiane i tanken, ganske ekle. Vanskeleg å ta bra bilde pga glaset og dårleg lysforhold..

Ingen kommentarer: