mandag 4. mai 2009

Victor

Hadde gløymd kor slitsomt det kan vere med valp..! Vi la oss rett etter midnatt i går: Victor i buret som skal vere hans plass, og eg i sovepose på golvet rett utanfor - i stova. Han protesterte nokon minuttar før han la seg til å sova. Eg sov skikkeleg dårleg sjølv om han var roleg - hardt på golvet til tross for fleire underlag!.. I halv-seks tida vakna han og sat stille og venta mens eg heiv på meg morgenkåpa, så bar det ut i full fart. Han fekk tømt seg med ein gang, og har ikkje hatt nokon ulykker inne - flinke guten! Etterpå la vi oss på sofaen i lag og slumra litt til Bjørn sto opp og då fekk Victor ein ny luftetur. Sidan har det gått slag i slag. Han diltar i hælane på meg HEILE tida, og er veldig oppmerksomhetssjuk - seier tydeleg i frå om han meiner han får for lite!

Vi tok ut på køyretur for å henta Shira som har vore hos PI i helga. Victor satt ved sida mi, låst fast i Syvers hundesele. Han klagde høglydt heile vegen (halv times køyretur), og vi måtte stoppa halvvegs for ein liten tissepause. Trur kanskje han var litt bilsjuk, den veien er ekstremt svingete!.. Møtet med Shira gjekk greit. Victor var heilt avslappa, mens Shira var heller skeptisk. Ho snuste på han, mista fort interessa og stakk heller ned til nabo-Rottisen for å herja med ho og ete kattematen dei har der... Shira var no forresten blitt god og rund i løpet av desse dagane, så ho har hatt det godt. Trur det var kjærlighet ved første blikk for Victor, men foreløbig blir det ikkje gjengjeldt. Shira synes han er forferdeleg masete og innpåsliten - ho gjer meg blikk som ser ganske så bebreidande ut! Så må passe på å kose litt ekstra med ho framover så ho forstår at ho fortsatt er dronninga på Skogen sjølv om det har kome ein liten arve-prins til gards!

Victor spydde opp frokosten i bilen på veg heim - triveleg... :-s Og så akkurat på bilbelte-festet då - vanskelegaste plassen å koma til for å få reingjort!.. Trur no eg fekk tatt det meste likevel. Shira tok ein protest-runde og stupte rett i eit gjørmehol då vi kom heim, skal bli greier når vi får heim tredjemann...

I kveld skal vi på valpekurs. Blir spennande. Nett no ligg Victor ved beina mine, sover søtt og lader opp... Han er no sjønn då!

Ingen kommentarer: