tirsdag 28. juli 2009

Kenneltreff (lagt ut ein dag for seint)

No har vi akkurat kome heim frå nokre begivenhetsfylte dagar i Sverige. I går var det kenneltreff ved kennel Carmal, og vi kjørte ned på søndagen. Kom ganske seint, så det var bare å installere seg på jakthytta vi skulle få bu i, gå ein kveldstur og ta kvelden. Vi fekk ei svær fin jakthytte heilt for oss sjølve!:) Blei ikkje akkurat kvalitetssøvn den natta: Dette var jo Victors første overnatting ute av heimen, og han fann ikkje roen inne på det framande soverommet sjølv om han hadde ståande tilbod om å få sove i senga med meg, Bjørn og Shira... Victor romsterte ein del og klaga litt gjennom natta, og la seg til slutt på golvet. Neste natt derimot hadde han skjønt det - då breia han seg ut over puta til ho mor og syntes alt var bare stas!.. Kos med hundane i senga i blant, til tross for at det blir trangt om plassen og tungt på beina... :)

Kenneltreffet starta kl. ni, og etter å ha satt Shira i ein luftegård, var vi klare for dagen. Eg var så spent på å sjå søskena til Victor, korleis dei var i forhold til han. Dei to andre gule gutane frå kullet kom dessverre ikkje, men resten møtte opp. Gutta var stort sett veldig like, ein var litt mindre og tispa var minst og mest proporsjonert, veldig fine -alle saman! Eit jamnt og godt kull med valpar av god kvalitet, godt gemytt, god arbeidslyst og med god av/på-knapp. Det kunne sjå ut som om Victor var blant dei rolegaste og med størst evne til å kopla av, og det er eg jo sjølvsagt nøgd med! :)

Vi starta med litt lett lydighetstrening. Mirjam ville sjå korleis vi låg an, og kom med tips. Vi prøvde òg litt apportering av dummy, og det gjekk fint, vi har jo trent litt på det. Så fekk valpane kvila litt, mens vi gjekk rundt og kikka på dei vaksne hundane som gjekk WT (working test), lærerikt for oss å sjå på. Bl.a. fekk vi sjå pappa Lee i aksjon, og han er både flott og flink! :D

Etter ein sosial og hyggeleg grill-lunsj var det tid for litt valpetrening att. No skulle dei få prøva seg på apport av ekte fugl!! Dette var fullstendig nytt for Victor, og då Mirjam kom med den daude kråka var han litt skeptisk, han visste ikkje heilt kva han skulle gjere med den. Etter litt oppmuntring kom han med den til meg, og fekk sjølvsagt MASSE belønning for det! Oppdretter påpeikte (sikkert med rette) at viltet skal vere det mest interessante og belønninga i seg sjølv, og dette er ein diskusjon eg vil koma tilbake til seinare. Vi prøvde òg med ei dau and, men den sleit tannlause Victor med å få grep på... ;) Til slutt fekk valpane herja med kvarandre, og Victor fekk sitt livs aller første svømmetur! :D

Alt i alt ein flott dag for både to- og firbeinte. Veldig hyggeleg å få helsa på så mange fine hundar og ikkje minst dei trivelege eigarane deira! :)

Skal få lagt ut litt bilder straks...

Ingen kommentarer: