tirsdag 14. juli 2009

Dårleg treningsøkt/dårleg trenar

Æsj, i dag har eg hatt ei heller dårleg treningsøkt med Victor, og det er sjølvsagt min feil. Planen var å trene på ein så enkel grunnferdighet som fokus under marsj baklengs. Dette viste seg å ikkje vere så enkelt... Fokus ståande framfor førar har vi jo inne relativt greit, sjølv om eg slit litt med at Victor stiller seg opp i all slags rare vinklar i forhold til meg! Eg vil ha han rett framfor meg, men det er visst ikkje så lett for han å skjøna. Veit ikkje om det er så nøye at han står rett, er jo kontakten som er viktigst, men det er jo opp til meg å setja kriteriane... Og så viste det seg altså i dag at straks eg rører på meg (beveger meg bakover) så mistar Victor kontakten: Han følgjer villeg med meg, men ser bare rett framfor seg, altså bare rett i beina mine. Straks eg stoppar ser han opp og tar kontakt igjen. (Vi har trent dette innandørs tidlegare og då gjekk det greit.) Eg prøvde å bevege meg bare ørlite og forsterke at han då haldt kontakten, men han bare fortsatte å sjå ned umiddelbart ved min minste bevegelse. Eit anna problem vi har med denne type trening er at han går så himla tett innpå meg!! Han er så nær at han må jo vri nakken i vinkel for å ha kontakt med meg! Alle desse faktorane gjorde utålmodige meg så frustrert at eg haldt på å skrika! Ikkje akkurat gode eigenskapar ved valpe-trening... Eg trente bare fem-minutters økter før eg hadde fem min. pause mens eg trente Shira imellom. Etterpå trente vi stå og bli, og det var bare enda meir problematisk (vi har trent masse sitt og bli), så no er eg bare kjempefrustrert. Trur kanskje eg stiller litt høge krav til Victor fordi han har vore så flink fram til no. Gode treningstips mottas med takk!!

Ingen kommentarer: