torsdag 13. august 2009

BIM'en vår! :)

Så har vi altså ein BIM-valp i huset etter søndagens valpeshow på Elverum (De nordiske jakt- og fiskedager 2009)! :D Burde vel ikkje leggje til at Victor var einaste labrador-hannen, hehe, men ærleg som eg er må eg jo fortelja det òg.

Kritikken var som følgjer:
"God type. Ennå noe langt og smalt hode. Slank hals. God manke. Trenger mer utvikling i brystdybde og lengde. Normalt vinklede bein. Faste poter. Meget gode parallelle bevegelser." Dommer var Frank Christiansen.

Eg var så syndig og kommenterte at Victor er ein jaktlabrador mens vi sto i ringen, og det var tydeleg at dommaren ikkje var enig i at rasen kjem i to variantar... Vi konkurrerte mot to "vanlege show-labrador" tisper, og sjølvsagt likte dommaren best den breiaste... Jaja, vi var no uansett med bare for moro skuld (det var jo tross alt jakthund-utstilling) og bare for å høyre kva dommaren hadde å sei, og kanskje provosere litt med ein jaktlab i ringen - noko vi jo klarte;)

Det var både min og Victors første gang i ein utstillingsring. No har eg iallfall fått prøvd det, og har funne ut at det der ikkje er noko for meg. Makan til kjedelege greier. Først masse venting (alltid forsinkelsar under utstillingar), så var det bare å springe litt rundt og stå rett opp og ned, ikkje så mykje å prestere akkurat... Provoserande at dette er det einaste mange hundar blir målt etter. Synes det er litt meiningslaust at det opptrinnet der skal få leggja avlsgrunnlaget for rasane - er ikkje rart det er så mange hundar med fysiske og psykiske problemer! Burde absolutt vore krav om premiering i bruks/lp/ag for å få utstillingschampionat, slik det er omvendt!! Kvifor er det ikkje det, eigentleg??

2 kommentarer:

Britt og Zelante sa...

Noen raser har det. Men mener du at alle skal ha det? Hva med alle familiehundene? Jeg ønsker meg mer en type mentaltesting som er beregnet på familiehunder.

Shira, Victor og Therese sa...

Kanskje ikkje absolutt alle rasar, eg har ikkje tenkt SÅ mykje gjennom dette... Og eg er veldig for mentaltest!:) Å ha ei godkjenning frå mentaltest og/eller premiering frå noko som visar ein form for brukseigenskap synes eg ikkje er for mykje forlangt for å få champion-tittelen. Det burde ikkje vere så vanskeleg å få til, treng ikkje vere så store krava, t.d. ein 1.pr. i lp?