tirsdag 13. juli 2010

For ei helg vi har hatt!

Endeleg tid til å blogge litt om helgas hendelser.

Vi reiste heile familien til Ål i Hallingdal i helga der eg og Victor skulle delta på NLM. Elleve lag stilte, og takka vere Victors formidable innsats kom vi til finalen søndagen! Victor redda dagen med alle poenga han klarte å sanke inn på dei seks postane. Resultat: 18, 20, 19, 20, 20 og 22! Siste post var feltsøk, med 25 dummyer lagt ut. Dummyane var merka med poeng frå 1-5 og vi fekk ti min. på å hente inn flest mulig. Fantastisk gøy å sjå fire hannbikkjer jobba sjølvstendig med søk samtidig i same felt! :) Vic fekk inn seks dummyer, med til samen 22 poeng - tre 5'ere! :D Ein artig øvelse! Totalt sett fekk Vic tredje beste poengsum av alle hundane!

På kvelden fekk vi vite lagscorene, øvelse for øvelse - det var kjempespennande å sjå kven som kom med til finalen! Vi kom med, så det var sjølvsagt veldig kjekt! Enda kjekkare var det at to unghundar som hadde gjort det særdeles bra i løpet av dagen blei løfta fram - ein av dei var Vic! Dommarane hadde lagt merke til han og han hadde imponert, så det var stas! Vi fekk dermed invitasjon til å vere med på jakt v/jakthytta (Saxhytte gård) til den svenske dommaren Pelle Agorelius! Han er interessert i å følge lovande unghundar vidare og å knytte til seg hundeførarar til jakt. Fantastisk moro!!

Søndagen gjekk ikkje fullt så bra for laget vårt, så det blei ingen seier, men det var både kjekt å lærerikt å få vere med. Ein stor takk til mine gode lagspelarar Rita, Siri og Hans Andreas for at eg fekk vere med!! I tillegg vil eg benytta anledningen til å takka oppdrettarane mine, Mirjam Axner og Anders Carlsson, v/Carmals Gundogs, for verdas beste hund! :D

Det neste for oss no blir jaktprøve siste helga i august og så individuelt mesterskap første helga i september, det blir kjekt!

2 kommentarer:

Anders Carlsson sa...

Hej Therese o Victor.

Det glädjer oss oerhört att det går så bra för er. Vi ser fram emot att få träffa er snart på vår kennelträff.

Hälsningar
Anders&Mirjam

Gerda sa...

GRATTIS till era fina framgångar!
Kram
Gerda & Pepz