onsdag 11. mars 2009

Helsesjekk

Oslo Hundeskole har nyleg opna eigen dyreklinikk i sine lokaler på Sinsen, og i den forbindelse tilbyr dei gratis helsesjekk til hund og katt - dette måtte eg jo sjølvsagt nytta meg av! Alltids greit å ta ein sjekk sjølv om ein ikkje mistenker at noko nødvendigvis er gale. I tillegg er det jo veldig ok for hundane å få oppleva eit besøk hos vetrinæren utan ubehag!:) Dei sjekka tenner, øyrer, hjarta, lunger, klør, hud, buk, bein, ernæringstilstand og analsekker.

Shira var først ute: Ho har heldigvis klart å halde vekta (25,5 kg), og ho fekk skryt for sine fine tenner og fine pels, og ellers sto alt bra til med ho:) Shira har aldri hatt problemer med å takla veterinæren før, men eg merka no at ho har blitt litt utrygg etter eit par ubehagelege vet-besøk dette siste året... Så dermed var det jo faktisk særdeles bra for ho med dette vet-besøket i dag. Ho var forøvrig eksemplarisk i oppførselen! Møtte fleire hundar der inne, men ho var bare super-høflig!:D Og så må eg bare skryta enda litt til: Vet'en kommenterte kor veloppdragen ho var, og kunne sjå at vi har trent mykje! :)

Så var det nestemann: Ein ikkje fullt så veloppdragen Syver (sorry Bjørn)! Brysker seg og knurrer og bjeffer med reist bust heile vegen inn til undersøkjingsrommet.. Han er ikkje så begeistra for vetrinærar, men at det var ei kvinne hjalp nok på, så ho fekk no undersøkt han vha. litt bestikkelse. Der og var formen heilt fin:) Einaste litt tannstein, så spørs om ikkje vi må ta oss saman og prøvd å få pussa litt tenner...

Fin klinikk (fortsatt litt byggearbeid), trivelege folk der og dei verkar dyktige! :)

Ingen kommentarer: