torsdag 12. mars 2009

Mine-rotter!

I Tanzania held dei på med eit fasinerande prosjekt der dei trener opp rotter til å finna miner! Metoden er klikkertrening, og rotter blir brukt fordi dei er intelligente, lettlærte dyr med veldig god luktesans. Rotter er så små (veel, akkurat desse rottene er ganske digre..) at dei ikkje vil utløysa minene om dei kjem borti dei, dei har ingenting i mot å utføra repeterande oppgåver, og dei er kostnadseffektive dyr å halda (t.d. mat og transportmessig). Dessutan har dei visstnok, i motsetning til hundar, eit mindre emosjonelt forhold til handleren sin, noko som er ein fordel då dei kan skifta handler når som helst.

Eit fantastisk prosjekt! No vurderer eg å fjernadoptera ei rotte;)

Sjekk ut linken:
http://www.herorat.org/en/content/landmines-stink

Ingen kommentarer: