søndag 21. september 2008

I Sør-Afrika!

No har vi fått installert oss i leilegheita i Ballito, og eg skal prøva å få blogga litt om opphaldet vårt her nede framover. Har ikkje fast internet-tilgang, så det vil begrensa seg litt.. Og det blir lite om hund dei to neste månadane! Men Shira har det kjempefint heime på Skogen ilag med Bjørn og Syver. Ho spring fritt rundt på garden og har det betre enn nokon sinne! Trur ikkje ho savnar meg... :-s

Fly-turen ned hit tok nesten eit heilt døgn, men det gjekk smertefritt, og eg kan anbefala å fly med British Airways på det varmaste! Vi fekk full oppvarting og alt vi trengte heile vegen.

Leie-bil frå AVIS, ein snerten kvit VW Polo Classic, og Anettes erfaring med å kjøra på venstre sida av vegen brakte oss trygt fram!:) I Sør-Afrika er det mykje finare vegar enn heime i verdas rikaste land, med fartsgrenser opp i 120..! Leilegheita er stor og fin, fullt møblert, med altan og greier. Ligg i eit fint område, inngjerda med døgnbemanna vakt. Forøvrig klarte vi å punktera eit fram-dekk i dag..! Heldigvis blei det flatt midt på lyse dagen, og vi fekk raskt assistanse av ein passerande snill innbyggjar. (Vi hadde jo sjølvsagt klart å skifta hjul sjølve, men er jo kjekt med litt hjelp òg!)

Vi var litt uheldige med veret dei første dagane, med regn og sterk vind, og ganske så kaldt – her er det vår no! Vi har no fått besøkt det enorme kjøpesenteret Gateway og sett litt av området. I dag var vi i Crocodile Creek og fekk sett MASSE krokodillar, + haldt ein 2 år gamal nil-krokodille!! Etterpå gjekk vi på restaurant og ÅT ein.... (Ein smule makabert kanskje...) Smakte godt, men var litt rart å ete kjøt av ei svær øgle/dinosaur-sak..! Kvitt, fast kjøt, på ein måte ein slags blanding av fisk og kylling.... Forøvrig et og drikk vi godt her, for her er det skikkeleg billeg!! :-D

Ingen kommentarer: