tirsdag 23. september 2008

Mjuk start...

Vi har fortsatt ikkje kome i gang med jobbinga, her nede er det skuleferie denne veka, og i morgon er det ”National Holiday”. Vi fekk no likevel besøkt universitetet i dag (University of KwaZulu-Natal), og skal tilbake torsdag for å jobba litt. Campusen der psykologi-avdelinga ligg, Howard Campus, er ikkje så veldig stor. Det er veldig fint der; frodig, med masse planter. Vi fekk møtt fleire av dei som jobbar på avdelinga ”vår”, veldig trivelige folk, og vi blei godt imottatt. Eit par av damene der er 60 år, og i den alderen tvingar Universitetet dei til å pensjonera seg! Visstnok for å sleppa yngre krefter til (har nok ein samanheng med at arbeidsledigheita i S-A er oppi 30%...) Heilt omvendt i forhold til Norge altså – og ganske trist spør du meg. Desse damene vi møtte er fantastisk flotte og spreke damer med mykje kunnskap og lang erfaring – Universitetet gjev dermed slepp på store ressursar!!

Ellers fekk vi høyra ei historie av to MA-studentar som på veg til campus i dag nesten hadde blitt robba! To unggutar i 15-16 års alderen hadde først spurt studentane om vegen til ein jente-skule, så om kva klokka var, og til slutt bedt studentane om å gje dei mobil-telefonane, ellers skulle dei drepe dei!.. Gutane hadde ingenting på seg, og var visst ikkje særleg truande, så studentane tok dei ikkje alvorleg – før eine guten stakk handa i lomma til eine studenten for å få tak i mobilen! I staden for å gje gutane det dei ville ha (det vi får anbefalt å gjera om nokon prøver å rana oss) eller leggja på sprang, satte den mannlege studenten i å skrika og hyla alt han orka(!), og då forsvann gutane kjapt, i rein forskrekkelse.. Så då veit vi kva vi skal gjera om vi kjem oppi ein liknande situasjon – så lenge ingen held eit våpen mot oss... Heldigvis er Ballito, der vi bur, rekna for å vera ein særs trygg stad, der vi til og med kan gå gatelangs om kvelden! Forøvrig får vi reaksjonar frå alle på det at vi bur i Ballito, men jobbar/studerar i Durban! Folk synes det er ein forferdeleg stor avstand – og då brukar vi 40 min. i bil! Så det at folk reagerer på det synes VI er rart igjen; vi er jo vant med å forholda oss til store avstandar og å bruka litt tid på å reise mellom heim og jobb – noko innbyggjarane i Durban ikkje er, til tross for at det er ein diger by. Rare greier... Mistenkjer òg at folk reagerer fordi Ballito er eit veldig fint område, med dyre hus, der dei rike pleier å feriera...

Då vi kom heim frå Durban fekk eg lagt meg ved bassenget og sola meg ei lita stund – deiligt! Vi har fått vita at første helga vår her har vore den kaldaste helga i KwaZulu-Natal i heile år!! Typisk min flaks... I tillegg har desse dagane vore dei mest politisk intense dagane på lang tid, med President Mbeki som måtte gå, og at landet no plutseleg sto utan President! Historiske dagar vi får oppleva her i Sør-Afrika no altså.

Eg har forresten byrja å trena igjen!! Hurra for meg! Vi meldte oss inn i den lokale ”Gym’en” i går, og starta same kvelden. Kjenner det i kroppen i dag...

I kveld skal vi ut og eta og ut på byen etterpå – blir nok litt liv sidan det er offentleg fridag i morgon.

Ingen kommentarer: