torsdag 4. september 2008

Blodspor

I går var siste kurs-dag, og vi fekk gå ei test-prøve, der instruktøren (dommar) hadde lagt eit langt og umerka spor ut dagen før. Ei ny utfordring for meg og Shira! Ho starta kjempebra og var veldig spornøye - heilt til ein vinkel med blodopphald. Vinkelen låg midt i ei kryssing av mange stiar, så det var ganske utfordrande. Vi måtte til slutt få hint frå dommaren om retninga, og eg tar sjølvkritikk på at eg ikkje fulgte meir med. Eg kunne ha hjelpt Shira meir v/ å vore merksam på blodflekkar i terrenget, spor etter sporleggjar og tenkt litt over kor det ville vore logisk å gå vidare... Dessutan burde eg hatt blod på handa og gitt spor-signal (handa i bakken + kommando "spor") med ein gang eg oppfatta at Shira var av. Jaja, vi lærer jo av det. Er litt meir for førar å halda styr på enn eg trudde i utgangspunktet; vi er ein ekvipasje, eit team - det er ikkje bare Shira som skal jobba... Vidare i sporet kom vi over fersk-spor av rådyr, og då tok jo Shira ut i 120 sjølvsagt! Lina brann godt i handa mi, og det var såvidt eg fekk stoppa villdyret mitt! Heldigvis fekk eg hanka ho inn att, og resten av sporet gjekk greit. Verdt ein 3. premie visstnok, så vi fekk jo faktisk godkjendt tross alt! :) No må vi øva meir på lange spor lagt av andre, der eg ikkje veit kor det går, og vinklar med blodopphald.

Har visst gløymd å nemna kven som har kursa oss! Det er Oslo Hundeskole, og kan anbefalast.

I kveld er det forøvrig siste AG-trening før konkurranse-helga vår...... Shit altså!

Ingen kommentarer: