mandag 8. september 2008

Begivenhetsrik helg!

Det har vore ei særdeles travel helg på hundefronten - og ikkje minst ei veldig kjekk helg! :)

Lørdagen var det agility-stevne på Brekke, Maridalen, i regi av klubben vår, så då var eg medhjelpar der. Sto opp 0615(!), brygga kaffe til kiosken og var på plass kl. 0730. Frå då av gjekk det slag i slag med bane-bygging, eigne startar og rydding til slutt. Vi jobba i nesten 12 timar! Men det var kjekt, sosialt og det styrka tilhørighetsfølelsen til klubben. Første løpet vårt i hopp gjekk kjempebra!:D Eg hadde vore så nervøs på førehand, og nesten ikkje sove natta før, men Shira skuffa ikkje. Litt kranglete (mot andre hundar) var ho, men det gjekk bedre utover dagen. Og min største skrekk; at ho skulle storme ut av ringen og lemleste nokon stakarsar på sidelinja, det skjedde sjølvsagt og heldigvis ikkje. Ho hadde full fokus på meg, og vi kom gjennom banen med 1 feil og 1 vegring, innan standardtida - HURRA! Dvs. 2. premie, så eg er strålande nøgd!! Dessverre var det så mange påmeldte, og mange som gjorde det bra, at vi fekk ingen premie for det, men vi er like glade.
AG-løpet gjekk ikkje fullt så bra, der diska vi fordi Shira var heilt fjern på det tidspunktet. Vi fekk då likevel fullført, med fine felt!:)
Til slutt var det open hopp-klasse, ein kjapp og tett bane. Der gjorde vi eit bra løp, heilt til slutten der Shira gjekk i ei felle og tok feil hinder. Eg skulle vore meir obs på fella og dratt ho meir mot rette hinder, men, men... Fortsatt fornøyde vi - var jo kjekt likevel!!
Gitt om vi var slitne etter den dagen!!

Søndagen måtte vi òg opp tidleg, og kjørte til Drøbak. Då var Bjørn og Syver med for støtte, så det var ekstra hyggelig. Første løp var ein ganske vanskeleg hopp-bane, m/ alle hinder på max høgde (svenske dommarar er tøffe!). Vi gjorde likevel eit godt løp, men blei diska fordi eg hadde gløymd å ta av flått-bandet til Shira!!! Forferdeleg surt altså! Synes vi kunne ha fått sluppe unna med ein advarsel - det er tross alt kl. 1, og det er jo ikkje snakk om eit halsbånd i den forstand!! Grr.......
AG-banen var òg vanskeleg, med utfordrande handling. Her mista eg Shira eit par ganger undervegs, ho blei distrahert av spennande lukter i grusen... Vi mista mykje tid på det, og pådrog oss feil og vegring, men det haldt likevel til ein 3. premie - og eg er fornøyd med at eg i det minste klarte å hanke Shira inn att rimeleg kjapt då ho starta med snusinga si, for det er ikkje alltid like lett!!

Alt i alt ei ganske vellykka helg! Det var to slitne jenter som kom heim til leilegheita i går..!

1 kommentar:

Britt og Zelante sa...

Så flinke dere er!

Er imponert over at du orker å være så lenge borte fra henne!