torsdag 19. juni 2008

Bronsemerket i agility!

Hurra! Då har vi altså fått tatt bronsemerket i agility - og det er jo litt stas!:) Blei litt på impuls: Møtte på treninga vår kl. 19.30, og då haldt dei akkurat på å runde av bronsemerke-løpet. Eg hadde jo ikkje tenkt å delta fordi eg trudde det kun var for nybyrjarane, men så såg eg at fleire frå mi gruppe var med. Då fekk jo eg òg litt lyst, og fekk oppmuntring frå sidelinja om å hiva meg med. Sprang bort til dommarane og ba fint, og dei lot meg til nøds få vera med heldigvis. Så då var det berre å gje bikkja til nærmaste tobeinte og briefe ein rask gang gjennom (den enkle) banen. Ikkje akkurat beste utgangspunkt: Det ausa ned (Shira vil jo helst berre gå med nasa i bakken når det er vått...), vi fekk ikkje varma opp - Shira var ikkje lufta ein gang! Men vi heiv oss utpå, og Shira gjekk som ei kula!! Eg hadde ikkje sjans til å halda følgje, ho fauk over nedfelta på både stigen og mønet, men stoppa fint på bordet - det som vi nesten aldri har trent!! Og her sto ho fint i dei fem sekundane, mens mor fekk henta seg inn igjen, så bar det vidare i FULL FART, og likevel klarte ho slalomen utan problem! Så dette var verkeleg kjekt!!! :D

Etterpå endra vi på starten av banen, og gjorde den litt meir utfordrande. Den var litt vanskeleg for vårt nivå, men Shira takla det fint. Var verre med felta; ho får jo så himla stor fart og fyker fint over dei... Ellers datt ho ut på eit punkt, då ho fekk ferten av noko umotståeleg i bakken, men det gjekk faktisk greit å hanka ho inn att. Denne gangen fekk ho litt problemer med å treffa inngangen på slalomen i farta, så den måtte vi starte om att på eit par ganger, men alt i alt gjekk denne runden òg greit.

Til slutt fekk eg nokre minuttar til å trena det eg ville, så då blei det sjølvsagt felt og slalom. Brukte musematta rett nedanfor felta, og det fungerte bra; Shira sikta på denne, og det gjorde jo at ho var innom feltet, men ho har ikkje tenkt å stoppa opp i det heile! Trur nok at vi skal trena på å frysa på musematta, for så å bruka den vidare i felttreninga. Slalomen trente vi frå høgre hand denne gangen, sidan den sit dårlegare - og det vistes. Ho har vanskeleg for å finne rette innganen frå høgre sida, og ho er avhengig av mykje støtte frå meg heile vegen, og det går tregt... Blei enig med instruktøren om å trena meir fart, flyt og sjølvstendighet i slalomen, kanskje ved å bruka noko i enden som kan dra ho framover (musematte/belønning?). Det får bli neste gang - og det blir på trening med gamle-klubben i Rosendal! :)

2 kommentarer:

Britt og Zelante sa...

Så flott!! Gratulerer så mye, kjempekjekt når en får slike resultater av treninga si!

Shira, Victor og Therese sa...

Takk! :)