tirsdag 10. juni 2008

Spa-behandling :)

I formiddag var eg så heldig å få 3 1/2 timar med gratis spa-behandling! Gitt om det var godt!! Det var eksamensdag på Hudpleieakademiet, og eg var så heldig å få vere klient. Nokon ganger er det veldig greit å bu i Oslo altså!;)

Eg fekk først full kroppsmassasje under infraraudt lys - deilig! Så var det ansiktets tur: Eg fekk farge på vipper og bryn, hodebunnsmassasje, ansiktsmassasje, rens, peeling med damp, elektrisk behandling (merkeleg apparat som gav meg små støt i ansiktet! Måtte ta ut piercingen i tunga for å ikkje risikere å bli svidd!..) ansiktsmaske for å gjenopprette fuktbalansen og krem. Til slutt skulle eg få manikyr. Då var det berre knappe tjue minuttar att, så det blei litt i hyrten og styrten, men det var heilt greit likevel:) Neglelakk-fargen som var satt fram til hudpleiaren min var kullsvart (skulle jo synes!), og når ho ikkje fekk tid til å gjere seg heilt ferdig, så blei det til at eg fjerna den sjølv like etterpå...

Fin start på dagen altså!! Skjer jo faktisk litt anna enn hunderelaterte ting òg;) Men til kvelden er det hund som gjeld igjen: Då er det lydighetstrening med klubben. Tenkjer vi fokuserar på felles-sitt med skjult førar (har vore tema på miljø- og toleransekurset i det siste), fri ved fot, ligg (få rask neddekk) og innkalling frå sitt (har vore så mykje bli-trening i det siste at det klarte ho ikkje i det heile sist!).

Ingen kommentarer: