tirsdag 10. juni 2008

Treninga i kveld

Vi trente i ein god time med klubben i Maridalen. Etter litt oppvarming var vi med på fellesdekk, Shira låg som ein påle, så det gjekk fint!

Etter felles-øvelsen fann eg fram kantarellen min frå helga og kasta den ut i skogen. Satte selen på Shira og leda ho inn i skogen, derifrå fekk ho gjera resten - og ho fekk ferten av den med ein gang, og gjekk rett til den!! HURRA!! Vi gjorde tre søk, og ho tok den fort kvar gang - KJEMPEKJEKT altså!!! Så vi skal fortsetja å øva, og bli supergode kantarell-jegarar!

Etter dette var det tilbake til lydighetstrening, og det gjekk ganske greit heilt til vi skulle prøve innkalling frå sitt inni ringen. Den sleit vi jo sånn med sist, men då var ho sliten, så eg måtte sjekka om det var eit eingangs tilfelle, eller kva... Dessverre var det ikkje noko eingangs tilfelle. Ho satt og satt - fullstendig fjern! Skjønnar ikkje kva som har skjedd med den øvelsen! Ho har ho kunna den godt leeenge, men no må vi visst gå tilbake i treninga. Då vi gjorde det på den måten at instruktøren haldt att Shira mens eg sprang i frå og kalte inn umiddelbart, kom ho jo som eit olja lyn! Ho som var så flink på miljø- og toleransekurset i går og kom springande inn på plass då eg kalla inn mens eg stod oppå eit utebord!..!

Til slutt prøvde vi oss på hopp over hinder, og den sitter visst veldig bra:)

1 kommentar:

Britt og Zelante sa...

Hei,
Det virker som at det går fint med dere to.-)
Så spennende meg kantarellsøk kurset,kanskje jeg skal prøve det også.... Håper du skriver litt om hva dere gjør på miljø og toleransekurset. Det virker spennende for ei som er opptatt av problematferd:-)