onsdag 18. juni 2008

Lydighetstreninga i går

Vi trente i ein time. Starta med felles-dekk, som jo gjekk kjempefint:) Vi har vel egentleg ingen problemer med denne øvelsen, anna enn at eg ikkje stolar på kva Shira kan finna på om nokon av dei andre hundane tullar... Så trente vi litt ligg, og den var endeleg rask og fin!:) Testa innkallinga frå sitt: Ho kom i det minste, men det var i skikkeleg lunte-tempo... Hmm... Klarte å få opp farta på ho litt, men langt frå bra nok, så det må vi visst trena meir på. Trente litt utgangsstilling og lineføring, og som belønnning eine gangen fekk ho helsa på ein korthåra collie-gutt, som ho likte kjempegodt og hadde veldig lyst til å herja meir med.

Har tenkt litt på å baklengskjeda dei siste øvelsane i lp 1-programmet, og starta litt på det i går: Trente litt stå under marsj og hopp over hinder kvar for seg først. Ho trengte ikkje mange repetisjonane for desse sitter ganske bra no. Så satte vi dei saman: Stå under marsj, ingen ordentlig belønning, hopp over hinder, og så god belønning. Etter kvart skal eg legge på innkallinga - når den øvelsen sitter ordentleg.

Trente fri ved fot med avstandsbelønning (ein svær pinne ho hadde sånn lyst på). Vi starta fint, men så datt ho fullstendig ut då ho oppdaga ei Schæfer-tispe; då klarte ho ikkje å fokusera på meg lenger. Kjempeirriterande, den andre hunden var jo langt unna! Klarte å jobba inn fokus på meg igjen, og vi fekk gjort ein grei øvelse...

Vi avslutta med å trene kontakt i nærleiken av andre hundar, og gjekk ned til ei gruppe folk og hundar frå klubben som hadde samla seg i ein pause. Shira hadde absolutt ingen problemer med dette, ho hadde god kontakt med meg og fekk helse på vesle Raggen som gjekk rundt for seg sjølv og flirta for godbitar. Alt i alt ei vellykka treningsøkt i går kveld altså!

Verre var det i formiddag då vi skulle trene litt for oss sjølv på "Eventyrplassen". Det gjekk ikkje i det heile tatt, og eg følte meg som ein elendig trenar og blei kjempefrustrert, sur og irritert! Trur kanskje eg har litt for mykje temperament og litt for lite tålmodighet til å trene lp?.. Dessutan er eg dritlei kl. 1-øvelsane! Trur jammen eg skal starte å trene kl. 2-øvelsane heller!!

I morgen er det heldigvis agility-trening igjen. Gler meg til det, har gått glipp av litt for mange treningar i det siste:( Trur nok Shira vil setja pris på litt meir fart og moro!

2 kommentarer:

Britt og Zelante sa...

Foreslår at du leser det du har skrevet om miljøtreningen også tenker over en gang til om at du er en dårlig trener.... :-) Husk at det er ikke en enkel hund du har!

Shira og Therese sa...

Takk! Du har heilt rett, Britt! :)