tirsdag 17. juni 2008

Miljø- og toleransekurs



Tenkte eg skulle skrive litt om kurset eg og Shira går for tida v/ Hund i Sentrum, m/ Rolf Hegg som instruktør. Kurset går over 6 veker, og i går hadde vi vår nest siste kurskveld. Kurset legg "spesiell vekt på kontroll, grensesetting og samarbeid. Variasjoner i miljø og tilføring av naturlige og tilpassede forstyrrelser skal hjelpe deg til å kunne håndtere din hund riktig med de utfordringene som en vanlig hverdag kan by på for hund og eier. Kurset passer meget godt for familiehunden og for konkurransehunden som trenger høy toleranseterskel for miljøforandringer og ulike grader av forstyrrelser. Kurset handler først og fremst om å bygge opp trygghet og tillit mellom hund og eier i krevende omgivelser, hvor hundeeier skal være et forbilde for hunden. For maksimal læring skal hunden være trygg på sin eier, trygg i omgivelsene og forstå hundeeiers veiledning i treningen." (Utdrag frå kursbeskrivelsen.)

Eg er veldig nøgd med både instruktør og opplegg. Vi har trent mykje på å halda fokus på førar i trening tett opp til andre hundar, og dette har vore særs verdifullt for Shira, som jo har fått eit litt anstrengt forhold til andre hundar. Vi har trent ein del kontakt-, bli- og passeringsøvelsar.

I går starta vi med å stilla oss opp på ei lang rekke etter einannan (2 m. mellomrom), med hunden i utgangsstilling. Så starta fremste ekvipasjen med å gå slalom mellom oss andre - god trening for både dei gåande og oss som sto i ro. Shira var kjempeflink og haldt fokus på meg heile tida sjølv om andre gjekk rundt oss. Då vi skulle gå slalomen var ho mest opptatt av å snuse på bakken (nokon på kurset før oss hadde visst strødd om seg med godisar...), men eg retta ikkje på det då eg tenkte at det jo er ein god dempande atferd. Det blei litt klinsj mellom nokre hann-hundar som kom for tett, så vi brukte litt tid på å prata om kva vi kan gjera for å unngå slike situasjonar. Det viktigaste er å vere føre var, og unngå at hunden blokkerer: Belønna for fokus på førar, og sei nei og trekke seg unna når den andre hunden får meir merksemd. Førar må òg unngå å fyra opp hunden sin enda meir ved å påføra hunden sin ubehag (sjølv om det er mildt) mens den har fokus på andre hunden. Høyres jo enkelt og greit ut, men eg kan skriva under på at det ikkje er fullt så enkelt i praksis.

Vi prøvde på nytt, med litt større avstand mellom oss (3 m.) og no gjekk det mykje bedre for oss alle. Så var det passeringstrening (gå mot kvarandre), og Rolf tok med sin eigen Schæfer-hanne for å tilføra gruppa ein ny hund. No måtte vi jobba litt ekstra med våre, men det var ingen problemer! Han kom heilt tett opp til oss med hunden, og Shira var likevel roleg og haldt kontakten med meg!:D Sikkert mykje pga at Rolfs hund er særdeles veloppdragen og hadde full fokus på Rolf heile tida.

Etter dette gjekk vi litt rundt i Nydalsbyen, og testa sitt/ligg og bli i nye miljøer/situasjonar: På ein benk, i trapp, tett på andre hundar... Dette gjekk veldig greit - Shira er jo ein engel på dette kurset!..

Lekse til neste gang: Fortsette å øve på bli og innkalling i trapper + å oversjå andre hundar. Neste gang skal vi nemleg teste innkalling av ein og ein hund mens alle sitter i trappa!

Bildene (ikkje så gode, tatt med mobil) visar Shira og Blaser som visar god sjølvkontroll øverst i trappa (det var fleire hundar nedover).

Ingen kommentarer: