mandag 9. juni 2008

Kantarellsøk-kurs

Eg og Shira var på eit kjempekjekt kurs i helga - muligens det helgekurset i vår karriere vi har fått mest ut av?! Knut Pedersen frå familiehunden.no haldt kurs for Norsk Spaniel Klubb avd. Østfold. Eg kom over kurset ved ein tilfeldighet då eg leste på forum-sida til Canis at det var ledige plassar på kantarellsøk-kurs pga. avmeldingar. Eg heiv meg på, og glad er eg for det! Vi fekk kombinert kurset med hyttetur på Jæløya med Bjørn og familien, og det passa jo veldig bra sidan det er eit stykke å kjøra mellom Oslo og Sarpsborg...

Lørdagen starta vi med å læra hundane at lukta av kantarell = julafta! Vi brukte ein søksbane som består av ein planke med seks metallboksar (ved Knut sin metode får ikkje hundane SJÅ soppen i innlæringa, det er kun LUKTA av soppen som skal spele ei rolle for hunden) som står med ca. 1/2 meters avstand. Oppi to av desse låg soppen. Mor måtte til pers; ned på alle fire og vise bikkja at oppi boksen låg noko superspennande! Så var det bikkjas tur til å få snuse på boksen. Det er viktig at hunden lærer seg å jobba systematisk: Den må innom og snuse på alle boksane sjølv om den veit kor soppen er. Shira var først skeptisk til metallboksen (har aldri fått ho til å ta metall-apport..) men det ga seg heldigvis raskt. Ho tok poenget like raskt og fekk klikk og belønning (skinkeost i tube) for å snusa på boksane med sopp i. Denne øvelsen gjentok vi eit par ganger før vi gjekk vidare. Det var svært varmt denne dagen, sola brann frå himmelen, så vi tok alt i eit roleg tempo. Likevel var treninga effektiv.

Etter lunsj fortsatte vi å øva to og to ilag på søksbanen, og bytta om rekkefølgja på boksane kontinuerleg. Hundane var kjempeflinke! Neste øvelse gjekk ut på at vi tok ein boks med sopp med oss til skogkanten. Bikkja blei holdt igjen mens eigar lokka med godbit/leike og sprang ut til boksen og la den der. Så kom eigar tomhendt tilbake til hunden, tok bandet, og hunden drog avgårde i retning der eigaren hadde lagt ned belønninga. Når hunden stakk snuta ned v/boksen fekk den klikk og "julafta". Denne øvelsen blei så gjentatt utan at belønninga blei lagt att ved boksen, eigaren berre lata som. Igjen fekk hunden klikk og belønning når den stakk snuta ned på boksen. Dette øvde vi på ei stund i grupper, og flytta kantarellen rundt til nye stader! Shira gjorde det kjempebra, så det var veldig gøy!

Lørdagskvelden tilbake på hytta fekk vi deilig grillmat av foreldra til Bjørn, og tok eit slag Scrabble før vi inntok horisontalen. Natta var varm og det blei ganske dårleg med søvn for både meg og Shira. Dette kan nok ha bidratt til Shiras labre form dagen etter...

Søndagen starta vi kursdagen med "patruljering". Boksen med kantarell blei lagt ut og vi starta med å føre hunden i sikk sakk eit stykke i frå med vinden frå soppen mot oss. Målet var å lære hunden å kjenne dei ulike lukt-komponentane frå soppen som er på ulik avstand. Så når hunden væra soppen og snudde hodet mot den forsterka vi dette, fleire ganger etter som vi nærma oss. Når vi var ganske nærme fekk hunden leda oss heilt inntil soppen og få belønning få det. Dette øvde vi på fleire ganger og flytta sopp-boksen rundt. Det gjekk sånn tåleleg greit med Shira, men ho var ein heilt anna hund denne dagen enn dagen før, ho var veldig slakk. Ei anna utfordring vi hadde med denne øvelsen var at bikkja gjekk inn i LP-modus då vi skulle patruljera. Ho hadde plutseleg jamn og god kontakt i lineføring, og kopla ut nasa si! Dette bedra seg litt ved å skifta til sele. Forøvrig brukar vi kort line heile vegen.

Etter lunsjen la vi ut fire boksar med sopp i alle, langs ei lita rute vi skulle gå med hundane. Meininga var at hunden skulle gå bort til kvar boks og snuse på den og få belønning få det. Shira var no slettes ikkje i form, og viste ikkje noko som helst engasjement. Ho fann to av fire boksar... Etter at alle seks ekvipasjane hadde vore gjennom denne ruta, blei vi delt i grupper på tre og fekk to boksar kvar som vi skulle legge ut og trene med på same måten. Shira var no fullstendig fjern og fann ingen av dei - eg blei nesten litt bekymra for ho! Vi sjekka gummane på ho, og dei var bleike, så ho fekk ligga i skyggen resten av tida og slappa av. Jenny var snill og foreslo å putte labbane til Shira i vann for å kjøle dei ned, og ho hjalp meg med dette.

Spenninga var stor då det var tid for "eksamen"! Vi gjekk opp i skauen og fekk etter tur eit område å søka etter ein kantarell (utan boks) som Knut hadde kasta ut utan at vi førarane visste kor den låg. No måtte vi berre stola på at hunden hadde skjønt poenget i løpet av helga... Eg var ekstra spent på Shira sidan ho hadde vore så dårleg, og vi fekk venta til slutt så ho skulle få kvila seg lengst mogeleg. Så var det vår tur: Shira væra kantarellen umiddelbart, og gjekk rett på og fann den for meg!! Det var fantastisk kjekt!!! Fin avslutning på eit kanon kurs!

Alle hundane hadde formidabel framgang i løpet av helga, vi var ein fin liten gjeng som verkeleg koste oss! No blir det snekring av søksbane, innkjøp av kantarellar og trening for harde livet før sopp-sesongen er i gang. Takk til Knut og NSK avd Østfold for flott kurs!!

Tilbake på hytta måtte vi jo demonstrera våre nye evner, og Shira fann fortsatt lett den gøymde kantarellen! Og eg må jo sjølvsagt få med at formen hennar steig utover ettermiddagen: Fargen kom tilbake i tannkjøttet og energien kom verkeleg tilbake; ho hadde ein raptus utan like på kvelden då vi gjekk ein tur. Heldigvis hadde eg langline på ho, ellers hadde ho vore over alle haugar - på jakt etter rådyr, eller kanskje kantarell..?..

Ingen kommentarer: