onsdag 11. juni 2008

Shira - 4 år i dag! :D





Hurra for bursdagsbarnet!! Vi har feira dagen med matsøk på universitetsbakkane og leik i fontena der - ting som Shira er veldig glad i å gjera. Etterpå fekk ho nyte ein "Stuff-a-Kong" full av leverpostei - mmm!
Ikkje skjønar eg at det berre har gått 4 år sidan ho blei fødd; for meg kjennes det ut som ho har vore med meg eit heilt liv, go'jento mi... :)
Snart skal vi gå ned til Bjørn og Syver, så får ho herja litt med gutta mens ho mor skal på "feriepenge-pils" med jobb-gjengen.

Ingen kommentarer: