fredag 13. juni 2008

HEKTISK!! (Ikkje bare hund..!)

Dei siste dagane har det vore lite tid til hundetrening, og eg merkar at eg får dårleg samvittighet... I går var det siste skuledag før ferien, med (nok ein) presentasjon. Tok ein lang og sosial lunsj med fleire frå klassen, og då eg kom heim var eg så trøtt at eg gjekk rett til sengs for ein god lur (blei litt seint natta før...). Shira fekk koma opp i senga med meg, så ho var no nøgd likevel. På ettermiddagen var det berre tid til ein liten luftetur før eg måtte gjere meg klar for nye festligheter. Bjørn laga middag til meg og hadde den klar på bordet til meg då eg stakk innom på veg til avslutningsmiddag(!) med klassen. Eg er heldig med kjæresten min altså! Møtte klassen + to lærarar på Trikkestallen kl. 1900, og tok desserten og vin der - var kjempekoseleg! Og litt vemodig å ta farvel utpå kvelden og ynskja alle god sommar...

I dag tidleg var det på an igjen, med møte i tre timar i strekk med veiledaren min for Master-oppgåva. Deretter var det berre tid til ein liten telefonsamtale med mamma, lunsj og liten luftings med Shira, før eg måtte på jobb. No er eg akkurat ferdig på jobb, og skal vidare på kino med Ane, så det går verkeleg i ett! Vi skal sjå Sex & The City - blir nok bra!!

I morgen er det òg fullt program heile dagen. Første delen skal eg tilbringa på Brekke som medhjelpar på lp-stevnet til klubben, og så blir det date med Bjørn:) Søndag er det valpeshow på Brekke, så vi skal sjå om ikkje vi får med oss litt av det òg - både eg og Bjørn er jo så valpesjuke... ;)

Må stikke! Phuh!..

Ingen kommentarer: